torsdag 10. september 2009

Der endene møtes

Eg har funne ut at livet som rønner er ganske travelt. Det skjer noko heile tida, noko som resulterer i litt mindre blogging. Så eg må berre beklage til alle ihuga blogglesarar, eg skal prøve å skjerpe meg.

I dag var lyd/bilde- klassen ute på tur ved ei elv som låg nær skulen. Veret var knallbra, og det var kjekt å vere litt ute i frisk natur i motsetnad til å sitje inne å styre med nye redigeringsprogram osv. Det var ein god tur.


- Då sa Gud: "det skal yrja me liv i vatnet, og fuglar skal flyga over jorda, oppunder himmelkvelven." Så skapte Gud dei store sjødyra og alt liv som det yr og kryr av i vatnet, kvart etter sitt slag, og alle dyr som har venger å flyga med, kvart etter sitt slag. Og Gud såg at det var godt. -
1. Mos 1, 20-21

Ingen kommentarer: