mandag 31. august 2009

Vi er rønnere!

Då var endelig skuleåret på Rønningen FHS igang. Vi i Ten Sing Norway (TSN) har blitt plassert på hybelhuset (meir kjent som kråkeslottet) og trives i kvarandre sitt selskap. Det å møte kvarandre igjen var utrulig kos, og eg ser veldig fram til dei neste månadene er på folkehøgskulen og med TSN.

Sjølv om vi berre har vore på skulen ein dag, har eg fått mange inntrykk og hilst på mange litt kjente men også nye folk. Så har eg blitt plassert på rom med tre andre kule jenter, nemlig Beate, Ingrid Marie og Christiane:) Så no sit vi og kosar oss på rommet vårt. Ingrid noterer ned timeplanen for hausten, for ho må jo ha litt kontroll, medan beate nettopp har ringt heim for å spør om å få tilsendt støvlar får Fauske (Vi erfarte i dag når vi var på tur at støvler kan kome godt til nytte også i Oslo). Utsikten frå rommet vårt er forresten digg:)

Likevel kjenner eg at eg kjem til å sakne syskena mine dette året. For dei er herlege:)


Meg og min kjære bror, den beste på jord<3

Ingen kommentarer: