mandag 27. juli 2009

Gjere ein forskjell?

Når eg kom heim frå ferie låg det eit kort til meg på kommoden ute i stua.
Det var valkortet for Stortingsvalet hausten 2009. Skal eg få vere med på å bestemme, og kanskje gjere ein forskjell i landet vi bur i?

Spørsmålet er berre: Kven skal eg stemme på?

torsdag 16. juli 2009

Les vacances

Då var eg nok ein gong i feriemodus etter to og ei halv veke med fullpakka dagar med undervisning og sosialt samvær med eittåringane på BOLK.
I dag reiste vi kvar til vårt, og eg har då inntatt hovedstaden med storm.

No skal eg og tanta mi, Sigrid, ete kvelds og drikke te, og så skal eg gjere eit tappert forsøk
på å sove ut etter BOLK.

I dag har eg forresten hatt ein ganske fengjande sang på hjernen som heiter "Going back to my roots":



Bonne Nuit mes amies.

onsdag 15. juli 2009

Lundefugl møter menneske

For nokre dagar sidan var vi på Runde der det er ein del lundefuglar. 
Det var ein utrulig kjekk oppleving, samstundes som vi kosa oss i lag på turen. 

Så her følgjer nokre bilete frå fugletittinga: 

Lundefugl
Proffe fotografer med kamuflasje
Dei tre musketerer
Vakker natur

Maria, Ane og Ingeborg:)

I morgon reiser eg og resten av eittåringane frå kvarandre, med mange og gode minner frå dei to siste vekene. Vi har ledd utrolig mykje, spist kilovis med godteri og spelt volleyball etter KM sin fine ideologi: lav terskel, høy himmel. Og vi har fått ein god dose med kunnskap om Bibeltolkning og leiarskap. 


No skal vi til Ulsteinvik City og sjå på "Istid 3". - Så då vert det liv i leiren - sitat Daniel PN

tirsdag 14. juli 2009

For dei som lurer

Det er kanskje greit å vite at eg no til hausten skal vere eittåring for Norges KFUK-KFUM. Nærmere bestemt skal eg vere med på Ten Sing Norway 09/10. Her på BOLK har vi i Ten Sing Norway og Communication for Change byrja med programskaping med tanke på det store Eittåringsshowet vi skal ha på Noregsturnéen vår. Dette betyr med andre ord at eittåringsåret mitt har byrja, og eg storkosar meg allereie.

For om lag to veker sidan var eittåringsåret noko fjernt for meg, og eg var ikkje sikker på om eg hadde tatt det rette valet. Eg vart plutseleg så usikker på noko som eg trudde eg hadde vore klar for i fleire månader.

No sit eg her på SUFH og takkar Gud for at eg tok sjansen på TSN, og ser fram til eit innhaldsrikt år med reising, folkehøgskule, show, leiartrening, kurs og mykje meir.


Då steig Jesus fram og tala til dei: "Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står." - Matt. 28, 18-20

mandag 13. juli 2009

Herlige folk




Sjølv om BOLK offisielt var ferdig i går, så er eg så heldig at eg får vere i lag med 24 ettåringar i tre dagar til på SUFH. 


På Verdsveven

Då hadde også Elise fått seg ein blogg, der ho vil skrive om alt frå A til Å som ho opplev i dyreparken. Så for dei som er interesserte i kva som skjer i mi verd, så er det berre å henge seg på.