Det har skjedd utrolig mykje kjekt sidan sist eg blogga. Frå søndag til onsdag var så godt som heile skulen på tur i Nordmarka. Det var ein veldig koselig og sosial tur, og det var spesielt deilig å slippe å tenke på programskaping i nokre dagar.
Første natta ute i marka var det nokre av oss som sov ute under ein stjerneklar himmel. I tillegg til å sove, gå og ete hadde vi ein del aktivitetar og leikar, og hadde det ekstremt morosamt til tider. På måndagen var det ein fin bålkveld med sang og kos (og merkelige songforslag til tider som til dømes "Happy X-mas"), og når det nærma seg midnatt var det tid for valvake i Kikutstova. Den tredje dagen vandra vi vidare til Nordmarkskappellet, og der hadde vi ein flott messe på kvelden pluss ein innmari god eventyrkonkurranse i regi av estetikklæraren. På onsdagen vendte vi snuta heimover (les: Rønningen) til dusj, reine klede og "eigen" seng.
Vi leika Sheriff
Maria og Ingeborg
Christiane fekk ein ny ven på turen:)
På onsdagskvelden fann eg, Daniel og Eirik ut at vi skulle stikke på SportY. Det var mildt sagt artig, og eg fekk skikkelig lyst til å kome tilbake igjen. Så har det seg slik at eg no har blitt litt sjuk, og eg var sterkt redusert både på torsdag og fredag. Kjipt for både meg og dei rundt meg som må halde ut klaginga mi, dei høglytte nysa og den evige snufsinga. Men men....
No har vi forresten kome godt i gong med programskapinga, og vi er letta over at leiarane har så godt som godkjent forslaget vårt til showet. Så no gjenstår det berre tre veker med intensiv øving, planlegging og det som høyrer til. 19. september er fastsatt dato for premieren på showet vårt, så det er berre å setje av dagen no!
Om dagen i dag:
Eg og Maria (Trøndern) dansa på terrassen i første etasje på Kråkeslottet. Det var morosamt. Christiane støvsugde sofaen og likte ikkje det ho fann under putene, noko som førte til at ho begynte å rope "nasty, nasty, nasty...". I tillegg har Maria, Marius og eg vaska ulltøy med OMO!! Så eg er veldig spent på kva resten av kvelden har å by på. :)
