mandag 31. august 2009

Vi er rønnere!

Då var endelig skuleåret på Rønningen FHS igang. Vi i Ten Sing Norway (TSN) har blitt plassert på hybelhuset (meir kjent som kråkeslottet) og trives i kvarandre sitt selskap. Det å møte kvarandre igjen var utrulig kos, og eg ser veldig fram til dei neste månadene er på folkehøgskulen og med TSN.

Sjølv om vi berre har vore på skulen ein dag, har eg fått mange inntrykk og hilst på mange litt kjente men også nye folk. Så har eg blitt plassert på rom med tre andre kule jenter, nemlig Beate, Ingrid Marie og Christiane:) Så no sit vi og kosar oss på rommet vårt. Ingrid noterer ned timeplanen for hausten, for ho må jo ha litt kontroll, medan beate nettopp har ringt heim for å spør om å få tilsendt støvlar får Fauske (Vi erfarte i dag når vi var på tur at støvler kan kome godt til nytte også i Oslo). Utsikten frå rommet vårt er forresten digg:)

Likevel kjenner eg at eg kjem til å sakne syskena mine dette året. For dei er herlege:)


Meg og min kjære bror, den beste på jord<3

søndag 30. august 2009

!!!

Ein meininglaus tittel for eit meiningslaust innlegg... men ein ting er i allefall sikkert: om under eit døgn har eg begynt på Rønningen Folkehøgskule og Ten Sing Norway!

Det minner meg om at det er langt over sengetid, og at eg kanskje skal vurdere å legge meg no.
Det var kanskje litt meining i dette innlegget allikevel. :)

No har eg vore i Oslo i ein dag allereie, og vandra i gatene og langs Akerselva med tanta mi. Eg likar denne byen veldig godt.




"Lille Oslo, er en egen planet"

fredag 21. august 2009

tirsdag 18. august 2009

I dag

- Har eg vore på jobb

- Ete laks og ris m/tomatsalat til middag (applaus til kokken)

- Vore på Facebook

- Jogga rundt Soleide med ho mamma

- Sett utspørjing av Siv Jensen på NRK

- Sett kortfilmen "Brakkvann"

- fundert over kva eg skulle skrive på bloggen, og så skreiv eg dette


Pappa og søskenbarnet mitt, Siri.
Fordi dei gjer meg glad:)

"Ja, i dag! Kjenner jeg på nytt at jeg lever! Så godt å være til!"
- I Dag av Lisa Børud

lørdag 8. august 2009

Je t'aime

For om lag ei veke sidan satt eg og kusinene mine i stova og såg "Le Fabuleux Destin d'Amelie Poulain". Dette er ein av dei mest snodige og særaste filmane eg har sett. Likevel er det ein utrolulig herleg kjærleikshistorie som overraskar meg for kvar gong eg ser den.



-Je t'aime-

lørdag 1. august 2009

Se alltid lyst på livet!


Dette innlegget skal handle om ein ganske artig mann, nemlig Lillebjørn Nilsen. Denne karen kan å skrive songar om alt frå Tanta til Beate til Gutten med Lutten.

Heilt sidan eg var ganske mykje mindre enn eg er no, har eg likt songane til Lillebjørn, fordi dei handlar om så mangt i livet, også dei kvardagslege tinga vi menneske driv med.

Dette er ein mann som har eit hovud fullt av songar.
Og eg likar det:)

mandag 27. juli 2009

Gjere ein forskjell?

Når eg kom heim frå ferie låg det eit kort til meg på kommoden ute i stua.
Det var valkortet for Stortingsvalet hausten 2009. Skal eg få vere med på å bestemme, og kanskje gjere ein forskjell i landet vi bur i?

Spørsmålet er berre: Kven skal eg stemme på?